Kjell Inge Torgersen

Kjell Inge Torgersen

Del

Mannen bak ABC-lista NRK-låtane 'Eg fant ein ring', 'Hud' og 'Samme sol'. Offisiell side for sanger, tekstforfatter og låtskriver Kjell Inge Torgersen.

Han har også gjendikta Sting til nynorsk, med "Aks av gull" som den mest kjente, anglo-amerikanske julesongar til norsk, og spelt med ei rekkje kjente andre musikarar og artistar. Impresario: Odd Arne Berge / [email protected] / +47 404 13 550. • Kontakt KIT: [email protected] / +47 900 70 619 • Mannen bak albuma "Mudderlys", "Julelegender", "Gnist" og "Aks av gull". Kjent frå fleire tv- og radioshow.

28/05/2026

La meg få framsnakke denne karen ei lita stund. Er du _bittelitt_ interessert i musikk? Og lurer litt på kven dei er, dei som som står bak det som skjer, vil du ikkje angre om du les litt vidare.

Denne mannen heiter Ruben Dalen – her i kjent positur bak trommene. Og av dei eg kjenner, er han ein av dei som hardast jobbar på sin studio-tan. For denne mannen finn du ofte i studioet sitt i Black Box i Oslo – og alt som kjem ut derifrå har verkeleg fortent all skryten han får rundt omkring.

Som for eksempel Spellemann han fekk i 2023 som produsent av albumet til Adam Douglas.

Eller DN som skriver at han er: "en av de fremste trommeslagerne i landet".

Eller tilbake i 2013, da Adressaavisa, Dagbladet og mange fleire kalte det han gjorde med Loch Ness Mouse for "fullkommen poplykke", "den beste norske popplaten du får høre i år", "oppsiktsvekkende, i alle ordets betydninger".

For Ruben har holdt på i mange, mange år, omtrent frå han fekk sine fyrste trommestikker som 7-åring, og sin fyrste Amiga som 12-åring, og han er den typen som tileigner seg stadig nye ferdigheiter foran Macen og outboard-miksekontrollbordet, og dette kjem mange, mellom andre meg, til gode, igjen og igjen.

Og nå har han ENDELEG fått seg ei nydeleg nettside – og er du geimet for å få laga fet musikk, bør Ruben stå på lista over dei du tar ein prat med. Sjekk linken til nettsida i kommentarfeltet.

For meg har han tidlegare co-produsert "Mudderlys"-albumet, cover-låtane eg har gjort av "Kan 'kje finna fingen" (Svein Tang Wa / Stavangerensemblet) og Finn Kalviks "Aldri i livet".

Saman held Ruben og eg nå på med nytt album, i lag med produsent Stian S. Hansen. Du har sikkert allereie høyrt Den som gir, Håp i det fjerna, Varder og Månefall? Ikkje? IKKJE? Sjekk dei ut, og høyr det soniske landskapet denne fyren tryller fram.

Som mikseteknikar er han også enormt kompetent, og sjekker du "Selected Work" på nettsida hans, er det bare å stikke hånda i chipsposen og lytte seg gjennom ei masse – og ganske forskjellig – snadder. Og det er vel akkurat dét: denne fyren er glad i … musikk! Alle typar musikk. Dét er også ein av grunnane til at han er inspirerande å jobbe med, i tillegg til at han har struktur og pågangsmot til å halde ting varmt når du sjølv kanskje har gravd deg litt for langt inn i dyna.

Her er eit par tips til ting han han har lagt hendene sine over nyleg – og som kanskje har gått under radaren din:
• sjekk siste albumet til Litangen LITANGEN (miks)
• sjekk dei fine pop-låtane til MOIR (miks)
• sjekk ut "So Many Things" av Kristin Dahl (produsent)

22/05/2026

Unn deg ein vandring under blomstrande trær, det er fantastiske dagar akkurat nå. God helg!

Songen du høyrer heiter: "Den som gir" og blei sluppen 1. mai. 🎶 Tilgjengeleg i alle strømmemedier.

17/05/2026

Ønskjer alle ein feiande flott 17. mai! (Og sjølv om du kanskje ikkje fann akkurat dét hodeplagget som høyrer til bunaden — og trudde du hadde full kontroll — så er det forhåpentleg greit å improvisere litt.😅) 🇳🇴☀️ Nyt dagen ☀️🇳🇴

13/05/2026

Javisst – siste "Tirsdag i Tinfabrikken" denne sesongen, and we go out with a bang: konsert med Tom Roger Aadland (!) og utstilling med Annlaug Auestad (!). Eg gler meg til å konferansiere kvelden så hardt eg berre kan 💪 Ikkje gløym å skaffe billett 🎟️

12/05/2026

Ein tur innom og trivelege Rogvi for å snakke om nylåta "Den som gir". Og at det er 20 år siden "Aks av gull" kom ut. 20 år!

"Den som gir" starta med to akkordar som aldri ville gje slepp - og så blei songen lansert nå i starten av mai.

Høyr og les meir her:
https://kjellingetorgersen.no/artikkel/den-som-gir-singel-152026

09/05/2026

Frå “Aks av gull” (2006), "Gnist" (2008), til “Mudderlys” (2017) og “Den som gir” (2026) – heile den musikalske reisa mi er tilgjengeleg der du strøymer musikk. Her er eit knippe omslag pluss link til det plateselskapet kallar "Kjell Inges beste" 💪

https://open.spotify.com/playlist/7e8XAX3skTweQriba5eFXp?si=64e70f6dbbfd472d

Kva for ein song set du på i dag? Er nysgjerrig! 🎵

daWorks

07/05/2026

Stemma er mitt viktigaste instrument, ikkje berre i musikken, men også som formidlar, innlesar og konferansier.

Å gje liv til ein tekst gjennom tale er spennande og utfordrande arbeid. Eg er fascinert av korleis ei stemme kan endre heile kjensla i eit rom.

Her sit eg og les mi fyrste lydbok til Storytel – "Drømmelinsene" av Stig Beite Løken.

Kva høyrer du helst på – lydbok eller musikk? 🎧

Photos from Kjell Inge Torgersen's post 04/05/2026

Så gøy, då! TIDAL har lagt "Den som gir" inn på den redaksjonelle lista deira, "Ukas Brygg".

Sjekk ut:

https://tidal.com/playlist/6caf16ed-8acd-4a1b-9e78-c5006abb58be

daWorks

03/05/2026

E du den som gir når alle andre tar?
E du den som blir når alle andre drar?

Klarer du fleire? 📝🤩
––
E du den som sår der alle andre trør,
den som går litt lenger med ei bør?

Høyr min nyaste sommarvibe-låt 🌞 https://vm.group/den-som-gir-s38-q

12/01/2026

Den ferskaste songen min, "Håp i det fjerna", er ute på alle strøymetenester. 🎙️ Og her er NRK-intervjuet eg gjorde like før utgjevinga, det gir litt meir kontekst til kva som ligg bak. Link til NRK-intervjuet - og til songen - i kommentarfeltet.

Takk til deg som liker, kommenterer og deler.❤️

Vil du plassere din bedrift på toppen av Kunst & Underholdning-listen i Stavanger?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Telefon

Adresse


Ryfylkegata 45
Stavanger
4014