Turstiar Sunde
"Turstiar på Sunde" ryddar og vedlikeheld turløyper og -stiar i Sundeområdet.
"Turstiar på Sunde" har eiga heimeside med informasjon om turløypene (sjå adresse nedanfor).
02/07/2026
Tur retur Kaldestadåsen på 5 timar. Kanskje ikkje så imponerande tid, men so var ikkje tida det viktigaste. Med to maskinar i drift vart kantklipping på den mest benytta turstien utført. I tillegg vart det rydda fra stien og til skogsvegen til Kaldestad. Neste oppdrag vert bratthenget på Kaldestad og oppover. Som tidlegare skrevet om så klarar vi ikkje å ta unna for den frodige veksten på alle turstiane så dersom noken kan hjelpa, ring 41684887.
11/06/2026
Vinnarar Kaldestadåsen opp, Turveka. Alle som kom seg til Kaldestadåsen i turveka er vinnarar, men noken fekk i tillegg med seg ein premie trekt på startnr. Sjå vedlegg for oversikt. Gratulera, premiane er underveis.
09/06/2026
Kjempestor takk for hjelpa. Tidlegare i vår hadde vi eit innlegg om noken kunne hjelpa oss med kantklipping på noken av dei 22 turstiane vi vedlikeholder. Helge Sunde og Torbjørn Tofte tok kontakt og hadde ei krevande og lang økt i går. I hovudsak har dei tatt stien med start under Fenafjell og til hytta på Kaldestadåsen, i tillegg har dei tatt nokre utsiktspunkt og starta litt på stien fra åsen med retning bratthenget på Kaldestad. Igjen stor takk. Er det andre som har mulighet, ta kontakt med Bjørn på 41684887. Har og behov nokre plasser for å gå med rive som opprydding.
08/06/2026
Turveka 2026. Årets tal viser ( tal i parantes viser ifjor) at rundt 150 personar (130) deltok i turveke arrangementet . Totalt besøk registrert i boka vart flotte 782 ( 553) som gir eit snitt på 98 besøk per dag. I turveka passerte vi og 9000 registrerte besøk så langt i år, med andre ord mange sprekingar som benyttar dei ulike stiane opp ril rastehytta på Kaldestadåsen. Kanskje klarar vi 20000 besøk for andre året på tad ? Hovudmålet med å få mange ut på tur i nærområdet synes vi treff år etter år. Stor takk til sponsorane i årets arrangement, til alle som hjelpte til og til alle som tok turen i turveka. Vinnarar av gavepremiar trekt på startnr vil bli lagt ut tirsdag/ onsdag.
06/06/2026
Besøkstal Kaldestadåsen. For andre månad på rad vart det over 2000 registrerte besøk, mai fekk flotte 2108 besøk, sjølv om ikkje været har spelt på lag kvar dag. Totalt iår t.o.m 8785.Turveka er for fullt igang og ved lunsjtider i går hadde 512 registrert seg i boka, håpar og mange registrerar seg på vipps til Arne Skogseth på nr 90680727 (sjå info i vedlegg). Arrangement gjengen er i full gang med forberedelsar, sponsorflagg er montert ( veldig stor takk til sponsorar, kjekt å samarbeide om slike folkehelsetiltak/ trivselstiltak). Løypa er blitt merka fra KVV, på dette oppdraget traff vi på ein haug med kjekke elevar og lærarar fra 8 trinnet på Husnes ungdomsskule, som hadde vært på toppen å sjekka inn. Ungdommane vart helsa med sprek ungdom, eit av svara var av den supre sorten « sprek du og, stå på dette klarar du».. Den meldinga spelar vi vidare til alle som kan. God tur.
04/06/2026
Sprekingar i Turveka Kaldestadåsen opp sjekkar inn kvar dag. Vert det som ifjor vil kanskje dei fleste gå på fk søndag da det er registrering på KVV fra kl 12.00. Har du planar om å gå før søndagen kan du melde deg på hos Arne Skogseth på vippsnr 90680727 ( sjå vedlegg for meir info). Dessverre har vi måtta avlysa løpsklassane (pga lita påmelding), men arrangementet som i hovudsak er tenkt som eit lavterskeltilbud går ellers som planlagt og slik vi har arrangert det dei fleste åra.. Rundt 15 flotte gevinstar vert trekt på startnr du fårved påmeldinga di. Det er og sjølvsagt muligheter til å melde seg på på toppen av åsen på søndagen, dersom du vel ein anna sti. God tur, håpar å sjå deg i kafeen i rastehytta.
01/06/2026
Dei første har sjekka inn i turveka. Rundt 30 personar har registrert seg som deltakarar dei første to dagane, håpar det blir mange fleire i dagane utover i veka. Turaktiviteten på Kaldestadåsen er høg om dagane og ca 200 har registrert seg i boka.Inviter slekt og venner til Turveka, i tillegg til flott tur kan du og bli vinnar av flotte premiar trekt på startnr. Påmelding til Arne Skogseth på vipps nr : 90680727.
29/05/2026
Turveka startar på søndag. Siste dagen i mai og t.o.m 7 juni kan du delta i årets turveke arrangement og du kan delta så mange ganger du vil. Turveka er eit tiltak for å få mange ut i den flotte naturen vi har utanfor stovedøra og benytta dei mange tilrettelagte stiane som går opp til toppen på Kaldestadåsen. Flotte premiar vert trekt på startnr. Påmelding til Turveka er på vipps til Arne Skogseth på nr : 90680727 . Barn kr 20, vaksne kr 100.- Turveka avsluttes med motbakkeløpet Kaldestadåsen opp 7 juni med start fra Kvinnherad videregåande skule. Påmelding til løpet er i EQ timing. Håpar du vert med oss på tur.
22/05/2026
Prosjekt Fenafjell ferdigstillt. Etter 412 trivseltimar anser vi oss no klar med hovudjobben. Nye traséen midt i kløfta er laga av stein trappetrinn, tre trapper i material og nokre metrar med grus. På forrige fellesdugnad var det beising som gjer at byggverket passar fint inn i terrenget. I tillegg til dugnadstimane har òg prosjektet kosta mange kroner fra basaren ifjor, dvs mange har bidratt til denne nødvendige trase endringa, stor takk. Ta gjerne turen for å gå nye Fenafjellsveien (fra vest, eks fra gmlskulen på Sunde)I prosjekt perioden fra jan til 20/5 er det og utført 122 dugnadstimar på bl.a rydding, vedlikehold på ulike stiar, merking, fjerning av reflekststikker mm. Adm arbeid med Kaldestadåsen opp kjem i tillegg. Restarbeid i samme området vi no ferdigstiller er krattrensking, litt grusing og grøfting.
19/05/2026
Turveka med motbakkeløpet nærmar seg. Turstigjengen gler seg stort til igjen å invitera store og små til aktivitet i Kaldestadåsen. Turveka startar 31 mai og vert avslutta med motbakkeløpet 7 juni. I turveka kan du benytta valgfri tursti og registrera deg så mange ganger du vil.,Meir Informasjon om påmelding kjem neste veka ( evnt sjå vedlagt plakat). Stor takk til sponsorane som aktivt støttar arbeidet med å få fleire ut på tur.
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.
Kontakt organisasjonen
Telefon
Adresse
Sunde
5450