Husnes Karate
Shotokan karate
JKA Norway
23/03/2025
I kveld var me heldige å få kunstnarbesøk frå Japan. Kalligrafimeister Watanabe Fugaku og assistenten Kato Hiroshi tok seg god tid saman med meg og Suleiman i dojo.
Her fekk me vere vitne til korleis kanji-skrift vert laga til «kanban» (skilt). «Misaki» som tyder «hus på eit nes». Watanabe san hadde også på førehand laga eit oppheng kalla «kakejiku» med karate-uttrykket «karate ni sente nashi» som tyder «Det finst ingen første angrep i karate».
No blir neste steg å arbeide for å få dette opp på «shomen» - hovudveggen vår. Eit viktig element for klubben sin identitet og kultur.
Eg vil på vegne av meg og klubben sende ei stor takk til Yuko Shuto for all hjelpa ho har gjort i kontakt med Japan. Det har vore ei stor ære å få vere til stades saman med Watanabe san og Kato san.
Rune
22/03/2025
Knallbra teaterinnsats frå medlemmene våre! Husnes karateklubb takkar stort for ambassadørane som i kveld viste publikum framifrå karate i skodespelet Momotaro.
André, Heda og Hava stod i spissen og gjekk Enpi med backing frå storband. I sluttslaget gjekk dei også Bassai dai utkledd som Oni.
Suleiman leia ulike beltegrader heilt ned til nybegynnar i bakgrunnen der dei gjekk tilpassa versjonar av gohon og kihon ippon kumite.
Tusen takk til alle saman! Me er stolte av dykk 🤍❤️🤍
I morgon kjem kalligrafieksperten Watanabe Fugaku til Misaki Dojo for å lage Kanbanskilt til klubben. Det blir spennande!
17/02/2025
07/01/2025
Kulturskulen og framsyning av japansk folkeeventyr.
Me har sagt ja til å delta i ei framsyning i regi av kulturskulen. Før jul sjekka eg interessa med utøvarane våre om dei ville vere med, og fleire var interessert. Kjempebra!
Folkeeventyret handlar om «Momotarō» - ein gut fødd ut av ein kjempefersken som rekrutterte ulike dyr til å gå til krig mot monstera på demonøya.
I stykket skal me demonstrere karate i ei eller anna form til musikk (frå Ghibli studio/dataspel etc.).
Fleire detaljar har eg ikkje no, men frasyninga skal skje i mars månad.
På same tid skal ein kaligrafimeister demonstrere kunsten sin, og som takk for innsatsen skal han lage Kanban (skilt) til Misaki dojo (klubben vår). Eg håpar dette blir kjekt og at utøvarane våre er interessert i å hjelpe til.
05/01/2025
Nybegynnartrening!
Nybegynnartrening – jka Siste nytt Nybegynnartrening 5. januar 20255. januar 2025 by Rune Hanssen Husnes karateklubb ønsker nye medlemmer velkomen til karatetrening. Treningstider: Mandag: 1730 – 1830 Onsdag: 1730 – 1830 Møt opp på desse dagane for å melde deg inn i klubben. Aldersgrense 10 år. Meir info i menyen....
11/12/2024
Me gratulerer alle med ny beltegrad! Takk til Heda og Hava for hjelp til organisering. Takk til Zbigniew og Nancy for gode kaker til Quizen. Gratulerer til vinnarlaget «Mustafa»!
Husnes karateklubb ønsker alle ei god jul! Me snakkast på «keiko hajime» i januar!
02/12/2024
21/06/2024
Gratulerer til alle som graderte seg 19. juni! Misaki dojo ønsker alle ein god sommarferie!
13/03/2024
https://husneskarate.no/arsmote-2/
Årsmøte! – jka Siste nytt Årsmøte! 12. mars 202412. mars 2024 by Rune Hanssen HKK-Arsmote-innkalling-2024-2024-03-12-14_28_08-1 Innleggsnavigering Nybegynnartrening 2024!
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.
Type
Kontakt skolen
Nettsted
Adresse
Hamrabrekko 12
Sunde
5450