Strandvikjo
I tråd med utviklinga elles i samfunnet kan me ikkje la den kjære bygda vår Strandvik hengja ette
15/06/2026
Blandakoret «Sine Nomine» syter for musikk under den siste «Open kyrkje» i Strandvik før sommaren, tysdag 16. juni kl.19.00-20.00. Repertoaret spenner frå gregorianske melodiar via barokkmusikk av Vivaldi og engelsk romantikk av Edward Elgar til nolevande komponistar som t.d. Michael John Trotta og Ruth Morris Gray. Undervegs er koret også innom gospelmusikksjangeren.
Korprogrammet er delt i to avdelingar. Innimellom spelar dirigent Iman de Zwarte både barokk- og popmusikk på orgelet i Strandvik kyrkje.
Elles kan ein som vanleg setje seg ned ein heil time eller berre eit par minutt. Her kan ein tenne eit lys i lysgloben, eller sitja stille i ein benk, la tankane vandre og la musikken strøyme innover seg.
Fusa sokneråd og Strandvik KU innbyr til å ta ein tur innom kyrkja, uansett grunn, når du går forbi på din kveldstur.
04/06/2026
Strandvik og Vinnes Vassverk SA:
For å sikre god vannkvalitet foregår det no ei større utviding og oppgradering av reinseanlegget ved Skåtavatnet. I forbindelse med arbeidet vil det bli redusert vannproduksjon og redusert trykk i periodar.
Søndag (31.05.26) vil det bli ei større omkobling, og vi vil be alle bruke minst mulig vatn den dagen.
Håpet er at alle skal få vatn heile dagen viss alle sparer.
SOVV melder at vannledningsbruddet no er reparert, og alle skal ha fått vatnet tilbake.
SOVV har funnet vannledningsbrudd. Vatnet blir stengt i hyttehaugen og Djupvik fram til bruddet er reparert. Høgdebassenget på Hauge er ca. halvfullt så SOVV oppfordrar til vannsparing i Strandvik i dag. Entreprenør er på plass og SOVV håper å få reparert i løpet av dagen.
21/04/2026
Tysdag 21. april byr Fusa sokneråd og Strandvik Kyrkjeutval igjen inn til «Open kyrkje». Som kulturell innslag kan ein denne kvelden bli kjend med dikt av Anders Holmefjord som sjølv vil lese desse. Programmet vert ramma inn av to allsongar med tekst av Holmefjord og melodi av samningen Eilert Tøsse. Innimellom tekstdeklamasjonen spelar kantor Iman de Zwarte orgelvariasjonar over ein kjent salmemelodi.
"Open kyrkje" er eit tilbod til dei som vil bruke Strandvik kyrkje oftare, men også til dei som vil bruke kyrkja på andre måtar enn når det er vanleg gudsteneste. Kyrkja vil vere open frå kl. 19:00 til 20:00. Her kan ein setje seg ned ein heil time eller berre eit par minutt. Her kan ein tenne eit lys i lysgloben eller berre sitja stille i ein kyrkjebenk og la tekst og musikk strøyme innover seg.
Fusa sokneråd og Strandvik KU vonar at initiativet vert teke godt imot av bygdefolket og tilreisande, og inviterer til å ta ein tur innom kyrkja når du går forbi på din kveldstur.
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.
Kontakt bedriften
Nettsted
Adresse
Strandvik, Bjørnafjorden
Bergen
5643