Nattverden.com

Nattverden.com

Share

Contact information, map and directions, contact form, opening hours, services, ratings, photos, videos and announcements from Nattverden.com, Magazine, Μεναίχμου 4, Athens.

08/04/2026

Patrick Piuze Bourgogne Aligoté "1953" 2022

Burgund, Republikken Frankrike. 100 % Aligoté, planta i 1953. Handplukka druer, fermentert og modna i ståltank.

Skvist sitron rett frå flaska, men blir beinveges overkøyrd av flintstein, og luktar fort berre nysprengd tomt. Luftar heldigvis raskt av seg og blir erstatta av Granny Smith, sumarleg kløvereng og litt brunt sukker. Lågmælte duftar, men nok til at dei heldt meg interessert.

Slank munnkjensle, lagvis Granny Smith – frå kart til saftig eplesødme, litt limeskal, litt salt. Frisk avslutning med evigvarande lengde.

Meir leskande enn kompleks – og betre i svelg enn på snute - men uansett ein tiltalande vin som fungerte godt til gnocchi – eller jålete raspeballer om du vil…

Påskepappen 2026 - nattverden.com 30/03/2026

Påskepappen 2026 - nattverden.com Navnet skjemmer ingen, men disse vin på boks, pappvin eller 3-liter kan fint nytes utenom påskesesongen også. Beskrivelsene er ikke panegyriske, men nøkternt positive som vi alle bør være når det nærmer seg påske og noen etterlengtede fridager står for døren for mange av oss. Alle som ska...

Photos from Nattverden.com's post 30/03/2026

Oppsummering av hyggjeleg helg og markering av Maria bodskapsdag i stille protest mot Festdagsreduksjonen av 1771. Eg hadde matansvar så notata er litt skrinne. Sjå i nåde…

Henriot Brut Millésimé 2008
Gule eple, hasselnøtt, rista brød. Litt marsipan, litt fersken. Fine duftar.
Litt tørka frukt i anslaget, midtpartiet er som å setja tenna i verdas saftigaste eple. Fin lengde med litt fruktsødme frå appelsin. Uanstendig godt. Rykta om Henriot MMVIIIs død ser ut til å vera overdrivne – men det må jo vera ekstrem flaskevariasjon der ute, basert på andre sine røynsler.

Deovlet Solomon Hills Chardonnay 2015
Pære, grilla sitron og eksotisk trelist. Smørbukk-karamell og våt stein. Små luftdrag med yoghurt naturell. Reine og tydelege duftar. Lagvis sitron – nyskvist, grilla, saltsylta; litt Granny Smith. Endelaus saltsyrleg avslutning. Veldig godt til torsk med sennep og mandlar.

Ampeau Volnay-Santenots 1989
Startar litt shaky med pølsevatn, men stramar seg greitt opp med blåplommer, steinsopp, våt skogbotn og kirsebær. Luskar eit litt slitent olivenpreg i bakgrunnen. Over toppen, men framleis godt. Fint til eit stykke hjort.

Kerpen Wehlener Sonnenuhr Riesling Auslese 2002
Aprikos og moden ananas, litt ingefær, litt honning. Frisk med flott balanse mellom søtt og syrleg, kjennes mykje yngre ut enn 2002. Godt til Kraftkar.

Kretiske funksjonar - nattverden.com 11/03/2026

Eg medgjev at eg aldri har fått heilt fot for Muscat-greina i det store vintreet, anten det er overaromatiske austerrikarar, blomstrete franskmenn eller generiske dessertvinar. I alle fall før eg oppdaga Aimilios Andrei – med bakgrunn frå Thymiopoulos og Commando G – som eigentleg var på leit etter høgfjellsplanta Kotsifali på Kreta, men som fant eldgamal Moschato Spinas i staden.

Kretiske funksjonar - nattverden.com Aori Winery – med bakgrunn fra Thymiopoulos og Commando G – lager fjellvin på Kreta. Richard Marx er blitt 60 og lager storbandplate.

Marsvinquiz 2026 - nattverden.com 01/03/2026

Bra quiz, men jobb litt meir med tittelen, sa dei...

Marsvinquiz 2026 - nattverden.com Ny quiz til glede, utfordring og frustrasjon (mest frustrasjon) til alle vininteresserte lesere av Nattverden.

19/02/2026

Katla Bo 2024

Rheinhessen, Forbundsrepublikken Tyskland. 100 % Bacchus. Sju dagars skalkontakt, modning i brukte fat. 500 flasker totalt.

Appelsinskal, fersken og sursøt pickles. Litt granskotsirup, litt seljebark.

Tropisk nektar med mykje ananas. Søtleg pære, syrlegare gule eple, og eit lite tanninbitt i ei lang avslutning. Smattar på saftig klementin mellom slurkane.

Vellaga oransjevin på den moderate naturvinssida til under 300 – fin frukt og passelig tannin-motstand. Fungerte veldig fint saman med eit stykke steikt torsk med kvitløk og sitron.

Vin for alle og Enver - nattverden.com 09/02/2026

Albansk vin har lange tradisjonar, med historikk attende til bronsealderen, minst. I moderne tid vart landet hardt råka av phylloxera og kollektivisert planøkonomi, men er forsiktig på veg opp att. I Berat har familien Nurellari haldt det gåande sidan 1920, og har dei siste åra investert stort i nye lokale, der dei satsar stort sett på lokale drueslag...

Vin for alle og Enver - nattverden.com Nurellari - tradisjonsrik produsent fra Albania med lokal drue. Pluss REO Speedwagon med arenarock fra 1980 med Hi Infidelity

31/01/2026

Flamourou Estate Yakinthos 2021

Anafi, Hellas. Miks av Assyrtiko, Aidani og Gaidouria. Lang skalkontakt, modning i ståltank. Lavintervensjon og Steinerskule og sånn...

Blomstereng, appelsinskal og gule plommer. Litt sursøt pickles, men innanfor moderat naturvinsduft.

Meir funky på tunga. Omtrent samanfall med duftbildet, men har i tillegg noko som minner om Serra da Estrela - den portugisiske saueosten. Rund gulplommeavslutning med salt sjø på leppene og eit ørlite tanninbitt.

Lita øy i Kykladane, som nyttiggjer seg av den same geologien som naboen Santorino. Visstnok spontant laga av Apollon for å redda Jason og argonautane frå ein storm, og har i dag ca 300 innbyggjarar. Miniproduksjon mest for spesielt interesserte, men ein vin som fungerte veldig bra til ein søtsyrleg havabbor-ceviche.

22/01/2026

Mayer Yarra Valley Nebbiolo 2022

Blomstereng med fiol, skinnjakke, kirsebær, og krydderskuff med anisfrø og svart pepar. Behagelege duftar.

Lett anslag. Kirsebær og morell, syrlege jordbær og litt lakris. Mister rennefart og blir litt stutt i ei avslutning med rips, Cola og småbitre teblad.

Rein og pen, men ufullenda nebbiolo, som antakeleg hadde hatt godt av eit par år til i kjellaren. Uansett godt til eit stykke hjort – matfølgje rundar nådelaust av ein flokk tanniner som prøver å etablera seg i andre glaset.

19/01/2026

Ampeau Savigny-les-Beaune 1990

Burgund, Republikken Frankrike. 100 % Pinot Noir

Colin Archer-dekk i sol, rips, møbelpolish og haustlauv. Særs behagelege duftar.

Lett munnkjensle. Modne ripsbær, kaffi, kirsebær og sjampinjong. Lett, men lang avslutning med litt jordbærsødme som balanserte syra fint. Antydning til tanniner halvvegs uti flaska.

God flaske og mykje frukt att i vinen, sjølv om smaken ikkje haldt heilt til forventningane frå snuten. Lett, men likevel nok ryggrad til å matcha eit stykke lam med sopp. Med atterhald om flaskevariasjon så framstår dette som eit godt kjøp til knappe 750,-

19/01/2026

Michel Mailliard Mont Vergon Brut 2009

Champagne, Republikken Frankrike. 100 % Chardonnay frå enkeltmark i Côte des Blancs. Handplukka og –selekterte druer, 11 år på botnfallet. Fjerde generasjons familiegard med eigne åkrar i Vertus.

Tørka fruktmiks, burgerbrød, pære, og Rose's Limejuice. Behagelege duftar.

Mjuk og kremete munnkjensle. Sylta sitron, nøtteblanding og gult eple. Lang, men forsiktig avslutning – meir rund guleple og honning enn kvass syre.

Lett sødmefylt sjampanje med byrjande mogning – meir fyldig enn kvass – som eg likte godt. Fungerte veldig fint saman med eit stykke pannesteikt torsk.

Want your business to be the top-listed Media Company in Athens?
Click here to claim your Sponsored Listing.

Category

Address


Μεναίχμου 4
Athens
11743